St. Jetmund Kyrkja

Valborg samlinga - Museum

Birkedaltunet

Norsk Olivinsenter held til på Thue gamle skule på Åheim, og er samlokalisert med Gullsmed Bjørnar Ekremsæter. Samlinga av olivinstein vert av ekspertar rekna som ei av dei mest komplette og finaste i verda. Du kan også plukke flotte edelsteinar på Peridotplassen (Sundalen) om lag 6 km frå Åheim sentrum. Her kan du gjere fine funn av peridot, granatperidotitt og eklogitt som er unike for dette geologiske området.

Meir informasjon og oppningstider finner du her:

https://www.facebook.com/Norsk-Olivinsenter-NOS-1799891010238432/

St. Jetmund kyrkja er ei mellomalder-kyrkje bygd ein gong på 1150 talet. Kyrkja er bygd i romansk stil av gråstein og marmor. Korbogen og alle bogane rundt vindauga og dørene er av marmor. Muren er «kistemur» som består av store oppmura steinar på yttersidene og med kalkmørtel og småstein i midten som bind alt saman. Byggemåten er den same som på Selje kloster.

Kyrkja ligger ca. 250 m fra Jetmund Gjesteheim.

Til å leste meir trykk her:

https://www.norske-kirker.net/home/more-og-romsdal/sankt-jetmund-kirke

I Thue gamle skule finn du Valborgsamlinga, ei utstilling av gamle lokale bruksting, tekstilar, gardsreiskap, fiskereiskap og eit innreid skulerom slik det var tidlegare. Valborg Kroken var fødd i 1905 og starta med å ta vare på bruksting frå garden ho budde på. Ho la serleg vekt på kvardagen til kvinnene, det gjer at denne samlinga er ulik mange andre samlingar. Valgborg Kroken samla og på slitne, velbrukte ting frå daglelivet, som dei fleste andre kasta når alt det nye kom. Dei fleste tinga er frå ca. 1800-1900, den eldste tidfesta gjenstanden er eit tinnfat frå 1690. I dag er det ca. 500 gjenstander i samlinga.

Birkedalen – eit gamalt tun frå 1800-talet som var buplass fram til 1960. Det kvite steinhuset er sett opp i 1920.

Fjell og fotturer


I Vanylven er det eit godt utval merka løyper i fjellet i ulik vanskegrad. Regionen har både krevende ruter for de som søker høye fjelltopper, og mer avslappede og familievennlige spaserturer tilgjengelig.

15 av dei ligger på Åheim eller i nærheten.

Alle turer du kan finne på eit turkart som er tilgjengelig på Gjesteheimen. Kvar av turene har QR kode som du kan skanne med mobilen din og ha den inni lomma under turen.

Sykling


På Åheim og i nærheten er mange flotte veier til å sykkle. 

Vannaktiviteter

Når laksesesongen starta og det regner ned i bøtter og spann, må du oppsøke Åheimselva.


Elva er 6 km. Nederst flat og bred, siden bratt og steinete opp til Gusdalsvatnet.

Kvoten fylles lett når forholdene er gode!

Hvis du har ikkje lyst til å fiske du kan alltid oppleve vakre naturen med ein padletur med kano.

Hakaletrappa


Det er ei flott steintrapp bygd av sherpaer, som fører deg opp i fjellet med fantastisk utsikt over fjord, kyst og hav. Turen er krevjande, men belønninga på toppen er ei storslått naturoppleving. Turens lengde er ca. 2 km.

Hakallegarden


Ca. 30 minutt frå Åheim finner du ei koseleg besøksgard på Hakallestranda, der både små og store kan møte alpakkaer, hestar, kattungar og mange andre dyr. Garden har kafé med heimelaga mat, gardsbutikk og ulike aktivitetar for heile familien. På varme sommardagar er det kort veg til den flotte sandstranda på Sandviksanden.

Opningstid: Kl. 12–18 i skuleferiane og utvalde helger frå påske til haustferien. I sommarsesongen er det stengt måndag og tysdag. 

Nettside:hakallegarden.com


Hjortefarm


15 minutt frå Åheim kan du oppleve hjorten på nært hald i vakre og naturlege omgjevnader. På hjortefarmen kan du lære meir om hjorteoppdrett, sjå dei majestetiske dyra og få eit innblikk i livet på garden.


Vestkap


Vestkapp er det vestlegaste fjellplatået på fastlands-Noreg. Frå fjellplatået Kjerringa, 496 meter over Stadhavet, kan du oppleve ei av dei mest spektakulære utsiktene langs norskekysten. Platået stuper bratt ned i havet og byr på storslått panorama mot storhavet, Sunnmørsalpane og Nordfjord.


Kannestein


Kannesteinen er ein av dei mest kjende naturattraksjonane i Nordfjord. Den særprega steinen ved Oppedal utanfor Måløy har fått si spesielle form gjennom tusenvis av år med bølgjer, is og erosjon. Steinen er om lag tre meter høg og er eit populært fotomotiv. Den finner du ca. 1 time frå Åheim.


Kråkenes fyr


Kråkenes fyr ligg heilt ute ved havgapet på Vågsøy og er eitt av dei mest vêrutsette stadene på norskekysten. Fyret vart tent første gong i 1906 og byr på ei spektakulær oppleving med mektige bølgjer, storslått natur og fantastisk utsikt over havet.


KONTAKT OSS: